mai 162018
 

Roger Jørgensen fekk æra av å skrua open vatnet, som gjer kvardagen på Møkster enklare – og vatnet langt betre å drikka.

10 000 meter med undervassleidning skulle til for at innbyggjarane på Møkster kunne vifta farvel til dårleg brønn- og borehólvatn. Det gjorde dei med flagg og hurrarop.

 

Rundt rekna 130 nye vassabonnenttar kan etterkvat kopla seg på vassleidninga som Austevoll rør og avløp har strekt til Hevrøy, Litlakalsøy og Møkster. Ti kilometer med røyr gjev fastbuande og feriegjestar på øyane i havgapet friskt og klårt drikkevatn frå vassverket ved Kjempefaret.

30 møkstringar, nokre gjestar frå Litlakalsøy og tilsette frå kraftlaget møtte opp for å vera vitne til opninga av vatnet. Geir Bergflødt, som er administrerande direktør i Austevoll kraftlag, roste vellaga på dei tre øyane som troppa opp på kontoret hans for på dagen for fire år sidan og bad om vatn. Fyrste kontakten mellom Odd Brekke og innbyggjarane ytst i havgapet var før AVA si tid.

– Til å byrja med såg me ikkje på prosjektet som mogleg å gjennomføra, men etterkvart slo det oss at jaudå, dette kunne me klara, mykje grunna påtrykket frå øyane, sa Bergflødt til publikum på kaien.

Røyra som er nytta har lekam for å søkkja inne i seg, og det gjorde arbeidet lettare, og kabellengda mindre utsett for slitasje, samanlikna med andre løysingar der ein har nytta lodd. Bergflødt prisa eigen organisasjon, som kunne ta prosjekteringa innomhus.

Resten av saka les du på papir eller PDF i dag.