mai 162018
 

Skyss vil gje noko færre avgangar i helgene, men med ei nattferje natt til sundag. Her ligg MF ”Møkstrafjord” frå kai på Hufthamar tidlegare i vår.

Skyss inviterer Austevoll kommune til dialogmøte om eit forslag til nye ferjeruter frå årsskiftet. Ordførar Morten Storebø (H) er lang frå nøgd med framlegget til Skyss.

 

Om ein ser bort frå ei nattferje frå Krokeide klokka 00:20 natt til sundagar, er det få store endringar å spora frå dagens rutetabell til framlegget for nye avgangar frå nyttår. På kvardagar kan jamvel sisteavgangane både frå Krokeide (i dag 22:40) og Husavik (i dag 20:30) begge verta flytta fram med fem minutt.

– Hovudkravet vårt er at opningstidene skal auka, ikkje at det skal gå andre vegen, kommenterer ordførar Morten Storebø. Han er heller ikkje nøgd med talet på rundturar vert redusert, både på laurdagar og sundagar. Ordføraren ser fram til å få informasjon om kvifor Skyss ynskjer å redusera talet på avgangar.

Morten Storebø seier òg at han ventar attendemelding frå fylkeskommunen om det let seg gjera å setja inn ei nattferje på sambandet i nord, og at det finst vilje til eit spleiselag.

– Me må både kostnadar og inntektspotensiale i ei slik ordning, seier Storebø. Han peikar på at møtet med fylkeskommunen fann stad i februar, og at han så seint som i går var i kontakt med fylkesvaraordføraren i denne saka.