mai 242018
 

Teikning: May Linn Clement.

 

Eit fleirtal av tilsette i Austevoll kommune meiner at kommunikasjonen med rådmannen og leiargruppa hans er krevjande. KPMG-rapport peikar òg på varsling som eit vanskeleg tema.

 

Revisjonsselskapet KPMG har analysert svara frå 178 respondentar i Austevoll kommune. Tala i det som i hovudsak var ei kvantitativ undersøking, viser mellom anna at heile 37,5 prosent av dei som arbeider i støttefunksjonar til rådmannen, meiner at leiargruppa hans ikkje bidreg til å skapa openheit og godt ytringsklima ved at dei sjøløve viser openheit, og etterspør kritikk og nye idear. Samstundes viser tala at heile 59 prosent av utvalet meiner det er for stor avstand frå dei tilsette til rådmannen si leiargruppa. I administrative støttefunksjonar til rådmannen meiner 50 prosent av dei som svarte av avstanden er vorten større dei siste fire til to åra.

I kommentarane frå hovudtillitsvalde heiter det mellom anna at det er vanskeleg for mellomleiarar å få gjennomslag og gehør hos toppleiinga, og at det vert lagt lók på ting. Tre av fire tillitsvalde kjende seg godt att i biletet som vert teikna i undersøkinga.

 

Direkte kanal

Tilsette har òg peika på at det burde vore ein direkte kanal for å kommunisera med politikarane, dei opplever at kritiske perspektiv og viktig informasjon ikkje når fram til det politiske nivået. Å gå tenesteveg fungerer ikkje godt nok, samstundes som kommuneleiinga har poengtert at dei tilsette skal vera lojale for dette prinsippet.

Særs mange i utvalet, på tvers av avdelingar, viser seg å ha manglande kunnskap til varslingsrutinane i kommunen. I fleire avdelingar viser det seg at dei tilsette ikkje kjenner seg trygge på at dei kan varsla utan at det kan få negative reaksjonar eller ugunstig behandling frå arbeidsgjevaren. Det er særleg i helse- og omsorg (43 prosent kjenner seg ikkje trygge, 22,4 delvis) og oppvekst (32,6 prosent kjenner seg ikkje trygge, og 42,7 delvis) at tala er høge.

70 av utvalet på 178, altså 40 prosent, har hatt kjennskap til forhold dei trur kan ha vore kritikkverdige, men som dei ikkje har varsla om. 20 av dei har svart direkte på kva som hindra dei å varsla, mellom anna er frykt frå kritikk og represaliar trekt f ram. Andre meiner at problema ikkje vert teke tak i likevel, eller at den tilsette manglar tiltru på at saka vil verta handsama på korrekt vis. I tillegg kjem det fram at nesten to av tre som faktisk melde frå om kritikkverdige forhold, enten ikkje fekk melding om at noko var gjort (34,4 prosent) eller ikkje opplevde at saka vart løyst (27,8 prosent).

Rapporten peikar likevel på at majoriteten av dei tilsette, totalt 73 prosent, trivst med å arbeida i Austevoll kommune.

Kontrollutvalet handsama rapporten i går, der tinga dei eit arbeid frå administrasjonen for å betra tilhøve på områda. Rådmann Bjarte Madsen sa at han som fersk i stillinga kan gå rett inn og leia arbeidet.

– Om medarbeidarane hadde mistrivst på arbeidsplassen, hadde det vore mykje meir krevjande å få gjort noko med problema, sa Madsen. Han la til han kjenner seg trygg på at kommunen vil løysa utfordringane knytt til openheit, ytringskultur og varsling.

Administrasjonen vart av kontrollutvalet beden om å ha klart ein tiltaksplan innan 15. august.

 

Av Trond Hagenes