mai 292018
 

 

Odd Brekke i Austevoll vatn og avløp melder at bruk av vasspreiarar no ikkje er tillate hos abonnentane deira. Allereie opplever folk som bur i høgda tomme kranar.

Bruken av vasspreiarar i sommarvarmen skapar vanskar for mange abonnentar hos Austevoll vatn og avløp, AVA. Frå i dag er det difor forbod mot bruk av desse innretningane.

 

Det er reinsekapasiteten på vassverket fører til at høgdebassenga vart tappa for raskt ned i sommarvarmen. 200 kubikk i timen gjer at høgdebassenga ved Porsdalen og Veten raskt blir tappa ned mot eit slikt nivå at vasstrykket ut mot kundar i enden av nettet får vanskar.

– Det er særleg på Hundvåkøy at me har abonnentar som no allereie har opplevt at dei ikkje har vatn. Difor ber me alle kundar om å vera solidariske: Ikkje vatn planen med vasspreiarar, oppmodar Odd Brekke i AVA. I klare ord er det no forbode å bruka desse i enden av slangen.

Det er greitt å nytta eg av handhalden spyleslange eller å vatna plantene frå kanne.

– Me har enno mykje vatn att i drikkevasskjeldene, så det er ikkje der utfordringa ligg, seier Odd Brekke.

 

Ver solidariske

Odd Brekke og understrekar kor viktig det er for publikum å vera solidariske med kvar andre i sommarvarmen. Delar av nettet deira lir enno av lekkasjar, og det er særleg på Hundvåkøy at desse vanskane er størst. Sjølv om AVA jobbar systematisk for å betra situasjonen kring lekkasjar, slit dei med at det oppstår nye.

– Mange av røra er laga av PVC, er gamle og vart ikkje lagde i gode nok grøfter. Einskilde stader er det for sterk bøy på røyra, og det vart ofte lagt steinmassar rett på dei, slikt vert det lekkasjar av til slutt, melder Brekke.

Høgdebassenget ved Porsdalen har ein kapasitet på 1 750 kubikk og det på Veten har 650 kubikk. Anlegget i Kjempefaret reinsar vatn heile døgeret, med unnatak av ein periode på halvannan time, då anlegget køyrer sjølvreinsing av det nye membranfilteret.

 

 

Av Trond Hagenes