mai 312018
 

Styreleiar Grethe Drønen Ringdal i Austevoll kraftlag vil halda nettdrifta under lokal kontroll.

Kraftregimet i Noreg er i endring. Styret i Austevoll kraftlag legg fram forslag om å dela nettverksemda i eige selskap, og halda eigen kontroll på denne.

 

Styreleiar Grethe Drønen Ringdal fortel at dei har arbeidd systematisk for å løysa utfordringa for å imøtekoma lova med nettdrift – som eige selskap.

– Det viktigaste for oss er å sikra lokal beredskap, heller enn å sjå isolert på lågare nettleige, seier Drønen Ringdal til Marsteinen, samstundes som ho legg til at kraftlaget per idag har ei nettleige som ligg tett på BKK si.

 

Heile saka kan du lesa her.