mai 312018
 

Ramslauk. Kortreist, lokal deilkatesse.

 

Vil du plukka ramslauk, er det lurt å gjera det no. Snart står dei i full blom.

 

– Huff, no kjem kyrne frå Lio! Me får nok kjenna det på mjølka.

Noko slikt skal bestemora mi ha sagt for over femti år sidan. Det var noko der nede i Lio ved Haukanespollen kyrne åt som gav sterk bismak på mjølka. Av mjølka separerte dei fløyten, og av fløyten kinna dei bondesmør. Dette leverte dei til landhandelen i Kolbeinshamn. Når kyrne hadde vore i Lio før mjølkinga, drog det ned kvaliteten, og smøret fekk lågare pris.

No er det ikkje nett slik folk flest lagar ramslauksmør i dag, men med den rette innpakninga og etiketten trur eg smøret frå Haukanes kunne gjort det godt i lokalmat-hyllene på dagens daglegvarebutikk.

Les meir om den velduftande ingrediensen i avisa denne veka.