jun 012018
 

Rådmann Bjarte Madsen om prosessen etter KPMG-rapporten om mellom anna openheit i Austevoll kommune.

I leiaren til lokalavisa torsdag 11. januar 2018 blei det kommentert at Austevoll kommune var ein arbeidsstad kor «det ikkje betaler seg å peika på rusk i maskineriet» og at det «ser ut som det har utvikla seg eit fryktregime». Det blei bedt om at ny rådmann må ta tak i etikken og at det burde vera større toleranse for varsling og kritikk.

Eit handlekraftig formannsskap tok straks tak i saka og vedtok tysdag 13. februar 2018 at det skulle gjennomførast ei undersøking omkring dei tema som er nemnt i overskrifta. KPMG blei vald som leverandør og det blei framlagt ein rapport i april basert på spørsmål til dei tilsette i Austevoll kommune.

No er ny rådmann på plass, og denne er uhilda av dei erfaringar som er lagt fram i rapporten. Dette burde gje meg eit godt utgangspunkt til å handtera saka på ein god måte. Kontrollutvalet i Austevoll kommune leia av Bjarte Notnæs, har i møte 23. mai 2018 bedt om at det vert lagt fram ein tiltaksplan innan 15. august 2018. Arbeidet med denne planen vil bli tatt på høgste alvor. Rapporten frå KPMG er ei nyttig påminning om ulike sider ved arbeidsmiljøet  i ein stor organisasjon.  Austevoll kommune  har om lag 240 tilsette som sjølvsagt har ulike meiningar om korleis organisasjonen fungerer – ulike meiningar er bra! Det skal gje bidrag til ein fruktbar og god diskusjon som dreg oss framover.

Samstundes med denne undersøkinga har det vore ein brei samfunnsdebatt om ulike sider ved arbeidsmiljø, ytringskultur og framferd.  Dette har aktualisert vår sak og gjort det mogeleg å sjå saka i ein større samanheng. Ein godt fungerande kommune er ein viktig faktor for korleis øysamfunnet vårt fungerer. Slik sett er me alle ein del av denne saka.

Austevoll kommune vil respondera aktivt overfor Kontrollutvalet og sørga for at me får ein god tiltaksplan. Denne håpar vi skal bidra til at både tilsette og innbyggjarar skal ha tillit til at leiinga i kommunen vår ynskjer ein open og tolerant organisasjon som tåler kritikk og som vil bruka innspel konstruktivt for å skapa ein betre kommune. Me skal og sørga for at varslingsinstituttet og retningslinjer som varetar ulike rettsvern blir betre kjent blant våre tilsette.

Til slutt må eg få nevna at 92% var heilt  eller delvis einig i at dei trivst på arbeidsplassen sin i Austevoll kommune – det er eg glad for og det gjev meg eit godt utgangspunkt!

Av rådmann Bjarte Madsen