jun 112018
 
Illustrasjon: iStockphoto.com

Det er typisk norsk å klaga over vêret – Ja, eg veit at me har mykje av det. Regn, vind, snø med tilhøyrande måking, og det finst ikkje dårleg vêr – du må kle det etter føret. Er det regn, klagar nordmannen likevel. Når det er kaldt det same. Sjølv når det er varmt klagar me. Slik kan ein jo lett bli sveitt av, eller innehavar av altfor mange Gore Tex-klede, alt etter sesong. For det har visst blitt slik at du ikkje utan vidare kan møta opp på jobb med shorts eller kortbukse lenger. I Danmark har sjefredaktøren i Jyllandsposten sett kroken på døra og konstatert at avisa ikkje driv campingplass. Ingen shorts der i garden.

Austevoll har vore ei frisone for snobberi og uskrivne reglar for påklednad, i alle høve for mannebein. William Hut vart referert ein stad om at i Austevoll kan ein berre driva rundt som ein lassis utan at nokon bryr seg, og tek eg ikkje feil, stod det noko om Crocs, òg. No er det sjølvsagt einskilde ting som kan skuldast dårleg smak, slik som å gå med sokkar i sandalar, dyremønster av store kattar, eller gå med glorete Hawaii-skjorter heile året, men det er uansett ikkje så viktog. Dårleg smak er ein relativ storleik: Du kan vera hip om lag kvart tredje tiår, så då kan du jo vera avantgarde eller utgått på dato i tiåra i mellom.

Attende til beinkleda: Når gradestokken nærmar seg eller bikkar 30 grader på kontoret er det om å gjera å drikka nok vatn, setja vifta på fullt og ha vindauge og dører opne i von om gjennomtrekk. Korleis ein kledekode vil verka inn på det? Nedsett produktivitet, påtrengjande mykje avspassering og heimekontor. Som oftast er ein jo òg slapp frå før, sidan nattesøvnen gjerne blir dårlegare, trass iherdige forsøk på å kjøla ned heimen med apparatet som heilt misvisande (om sommaren) har fått namnet varmepumpe. Inverter, likar eg betre. Og utan hadde det nok blitt zoombie på jobb.

Kvinner har det enklare: Dei kan berre vifta litt med sommarkjolen, og samstundes sjå bra ut. Menn flest kan ikkje ein gong unna seg å gå med sarong, med mindre du tilfeldigvis er frå Thailand. Kilt funkar berre for skottar, og er uansett laga av ull og krev ein heil bunad i tillegg – og gjerne ei sekkepipe.

Eg håpar berre at stakkarane i Jyllandsposten har god air condition, for i Gamle prestagarden har me campingplasstilstandar å snart sola visar seg på himmelen.

TrH