jun 112018
 

Kjartan Brügger Bjånesøy (til høgre), saman me Cecilie Skog og TV-personlegdom Truls Svendsen. Pressefoto.

 

 

Kjartan Brügger Bjånesøy har ført boka til Truls Svendsen i pennen, etter sjølv å ha vore med i høgda på fjellet i grenseområda mellom Chile og Argentina.

Austevollingen Kjartan Brügger Bjånesøy let ikkje dårlege kne og legar sine utsegner om at han knapt kunne klara å komma seg ned frå Ullevålsæter etter diverse operasjonar stogga seg når høvet til å vera med i høgda kom.

– Eg trena mykje med å gå i terrenget med tung ryggsekk, og fekk ekstra motivasjon av det legane hadde sagt. Då skulle dei i alle høve ikkje få rett, seier Kjartan, som mellom anna måtte slutta med ballspel etter meniskoperasjon.

Det var forlaget Gyldendal som tok rekninga med å senda journalisten med Truls Svendsen, Cecilie Skog og fjernsynsteamet. I tillegg hadde Kjartan ei rolle med regi på småprat og opptak etter stabasane kvar dag.

 

Stor sans for Truls

Skribenten frå Storebø fortel at han har samarbeidd mykje med Truls, som har geniunt har stor sans for, mellom anna gjennom ein serie av føredrag. Duoen gav det aller fyrste på Storebø. Kjartan skreiv òg boka der Truls og Cecile Skog sleit seg over Grønland, men den gongen var han ikkje med sjølv.

– Det vart ei fantastisk oppleving å gå til ein av verdas høgaste fjell saman med Cecilie Skog, og til og med vera på jobb, seier Kjartan. Han legg til at han sjølv vart dårleg då dei nærma seg toppen, men han hadde sjølv meir å gå på då Truls måtte kasta inn handkledet etter å vera sluttkøyrt.

Kjartan forklarar at han for tida arbeider med eit nytt bokprosjekt, men han vil ikkje seia meir om det enn at boka er innanfor sakprosasjangeren. Elles leverer han petitar til laurdagsmagasinet til Dagbladet, samstundes som han mellom anna har arbeidd med Stian Blipp retta mot fjernsynsruta.

– No ser me i familien fram til å gå sommarturane i Austevoll. Det er eit kjempeflot tiltak, avsluttar Kjartan som har fått meirsmak av turen i den tynne lufta i Argentina. I helga skal han gå Nordmarka på tvers, ein tur som har reknar med kjem til å ta tre dagar.

Av Trond Hagenes