jun 132018
 

Det er særleg om vinteren i tørkeperiodar det er kø hos Svein Arne, som minnar på at du like godt kan vaska bilen midt på svarte natta.

 

Også maskinar for bilvask har si levetid. No har vaskehallen hos Svein Arne Kalvenes stått opp som ein annan Fugl Føniks.

 

1,1 millionar kroner til ny vaskemaskin og 100 000 for å oppdatera sjølve vaskehallen, med led-lys i taket og nytt golv, gjer at Svein Arne Kalvenes går inn i elbilalderen med ei optimistisk mine.

– Den austevollske bilparken er tydeleg oppdatert dei siste åra. Eg òg vil fornya meg, og difor denne investeringa, smiler Kalvenes. Han er ærleg på at han sjølv ville stussa over å setja ein flettny Tesla inn til den gamle vaskemaskinen hans, som hadde sju leveår bak seg.

Slik er det ikkje med den nye. Den tidlegare bensinstasjoneigaren fortel mellom anna at sensorar gjer at den påkosta maskinen kan børstevaska taket på bilen din sjølv om du har bøylar på toppen, noko den gamle ikkje makta.

Kalvenes frydar seg over å ha kunna plukka funksjonar og eigne fargar på maskin og børster. Det er slett ikkje Manchester United-fargar, men har rot i hans eigen bilvask 24-logo.

– Eg har lagt eit optimistisk budsjett på kring 5 000 vask årleg, men treng 3 000 for å dekka kostnadane, seier vaskehallkaren, som poengterer at bilvasken hans er miljøvenleg i og med at alle vaskemidla er miljøsertifiserte og vaskeslam og oljerestar vert samla opp i ein tank som vert tømt som spesialavfall årleg.