jun 152018
 

Illustrasjon: kycstudio/iStockphoto.com

Denne veka er det avspark. Fotball-VM i Russland. Eit utstillingsvindauge med sprekker i karmen, der Mohammed Salah allereie har blitt fotografert saman med Tsjetsjenias president Ramzan Kadyrov … kanskje ikkje så drygt same veka som Donald Trump ser ut til å ha blitt besteven med nordkoreanske Kim Jung-un, samstundes som han innfører straffetoll på metall frå dei allierte og det slår gnistar når han nærmar seg den tyske forbundskanslaren. Og så har me Argentina, som slett ikkje villa gjera som Trump i Jerusalem. Nei, den kampen vart kansellert.

I 1969 braut det ut krig mellom El Salvador og Honduras etter ein VM-kvalifiseringskamp, etter stygge scener med opptøyer og vald på tribunane (kampen enda 3-2 til heimelaget). Røtene til konflikten låg nok slett ikkje berre på fotballbanen, men lærkula kan altså få tanks til å rulla og jagarfly til å armera rakettane sine …

Putin og lakeiane hans stussar ikkje på å ta ein plagsam journalist av dage, likvidera avhopparar eller lata luftvernbatteri skyta ned sivile passasjerfly. Russarane har ikkje spart på noko i VM-førebuingane. Danskane bur ved Svartehavet og må reisa til saman 9 300 kilometer får å komma seg til kampane. Det er til samanlikning nesten like langt som frå Austevoll til Peru. Når danskane, leia av Åge Hareide, opnar VM-førestillinga si på laurdag, er det nettopp mot outsidarane frå landet med fjella, jungelen og dei enorme fiskeressurane. Peru har ikkje vore i VM sidan 1982, og minner kanskje litt om Drillos på 1990-talet. I botn av laget er det ein enorm løpskapasitet. Luis Advincula på høgrebacken er verdas raskaste fotballspelar (målt til 36.15 kilometer i timen), dei presise longpasningane frå Miguel Trauco minner om Flo-pasningen, men i Peru sitt høve er det mest for å lata gjennombrotshissige Paolo Guerrero jaga i bakrommet. På midten balanserer Renato Tapia laget, og tek eg ikkje mykje feil vert han å sjå i større klubbar enn Feyenoord om eitt år eller to. Forresten, Guerrero såg lenge ut til å ha blitt offer for eit slags matforgifting på spelarhotellet peruanarane brukar i Lima: Han tinga anis-te, men fekk frå ei kanne der det òg var coca de mate, som er blad frå coca-planta. Teen er heilt normalt å drikka i Andesfjella, og skal mellom anna hjelpa mot høgdesjuke, og er slett ikkje å rekna som noko narkotikum.  I dopingkontrollen slo det derimot ut, sjølv om hårprøvar viste at Guerrero var rein. Ein lang og snirklete veg følgde, men til sjuande og sist møtte han opp på spelarhotellet, og er klar for å bera kapteinbindet mot danskane. Nok ei sak som viser at rettsprinsippa i idrettens verd er snudd på hovudet: Guerrero var om mogleg endå meir eit uskuldig offer for andre sine feilvurderingar enn Johaug var med den salven: Og kan kunne gått glipp av den eine sjansen sin til å spela i eit VM og fått karrieren øydelagt. Kraftspissen, som slo igjennom i Bayern München, er vorten 34 år.

Attende til nabolandet i aust. Fotball er sjølvsagt ei stor greie i Russland, òg. Sjølv utanom VM. Dei ivrigaste supporterane til Baltika Kaliningrad ved Austersjøen måtte reisa over 10 000 kilometer (ein veg) for å fylgja klubben sin i oppgjer mot Luch Vladivostok i den russiske andredivisjonen. Køyrer du non-stop tek turen bere 134 timar, i fly i underkant av 13 timar. VM er ikkje berre glitrande fotballarenaer, store stjerner, skummande champagne. Det kan òg vera ei påminning når Lene frå Eidsbøen vert intervjua på radioen om kvifor Salah ikkje burde lata seg bruka som ein politisk sjakkbrikke av Kadyrov, som stadig vert skulda for politiske mord og brot på menneskerettane.

TrH