jun 202018
 

 

 

Servicebåt får inn Troland lakseoppdrett og Langøylaks AS på eigarsida i eit nytt selskap. Prospekt: via Servicebåt.

Servicebåt As kontraherer saman med to lokale oppdrettarar nauddslaktefartøy med eigenutvikla ELAX-konsept om bord hos Fitjar mekaniske verkstad.

 

Det har gått med full steam den siste dryge veke for Mons-Ove Hauge og Servicebåt. Etter at selskapet fekk forskingsstøtte frå det regionale forskingsfondet for Vestlandet, er prosjektet Marsteinen omtala i førre veke eit særs lang steg nærare realisering. No er båten med eigenutvikla naudslakteteknologi kontrahert.

 

Satsinga med nødslaktefartøy vert samla i eit eige selskap og dei gode resultata i vinter har vakt såpass oppsikt at fleire oppdrettarar og andre no vert med på eigarsida av det nye fartøyet. Langøylaks AS og Troland Lakseoppdrett AS frå Austevoll vert begge medeigarar og ser fram til å få anledning til å berge all fisk som elles ville stått i fare for å ende opp som ensilasje under ulike behandlingar, heiter det i pressemelding frå Servicebåt AS.

– Det er klart at me ser etter stadige forbetringar i drifta vår og skulle aller helst unngått all form for behandling av fisk som medfører fare for at fisken døyr. Men eit slikt konsept, som reduserer dødelegheita med inntil 100 prosent under ulike naudsynte mekaniske handteringar, er noko som verkeleg gjer utslag på driftsresultata våre, samstundes som det utgjer ein svært viktig forbetring av fiskevelferd i slike nødssituasjonar» seier dagleg leiar i Langøylaks As, Karsten Inge Møgster i same pressemeldinga.

Båten er teikna av Heimly Ship Design på Fitjar.

Les meir om saka i Marsteinen i morgon.