jun 212018
 

Mette Storebø ved bassengkanten. Bade opnar 18. august, med henne som dagleg leiar.

 

Om ei dryg veke legg Mette Storebø bort leiarvervet i AIK si symjegruppe. 1. juli tek eldsjela over som dagleg leiar i Austevollbadet, ei oppgåve ho sitrar etter å ta fatt på.

Kalenderen er eit naudsynt verktøy når du snakkar med Mette Storebø i desse dagar. Ho held på med å gjera seg ferdig med siste skvett nordsjøsild før ho går frå å vera fiskehandlar til å arbeida fulltid med det ho har brent for dei siste tolv åra: Gode symjeopplevingar.

– Eg gler meg enormt til å ta fatt på arbeidet i Austevollbadet. Å byggja teamet …

Mette Storebø ser ut som ho helst har lyst å hoppa energisk rundt i det vesle kontoret ho har lånt seg på kommunehuset når ho snakkar – på inn- og utpust – om den nye storstova ved Hippakaien. Ho skal tilsetja badevertar, ho skal samarbeida med lag- og organisasjonar og ho har ein ambisjon om at tumleplassane i det nye bygget skal bli ein treffplass.

Les meir i e-avisa i dag.