jun 222018
 

Nina Møgster (t.h) er frå 1. september ny dagleg leiar i Lerøy Sjøtroll. Her saman med kollega Hildebjørg Åsvang, frå ein artikkel om kvinnelege leiarar i Austevoll. (Arkivfoto)

Nina Møgster (40) vert ny dagleg leiar i Lerøy Sjøtroll. Ho kjem frå stillinga som økonomisjef i same selskap, og trer inn i den nye rolla 1. september.
– Eg kjenner jo selskapet godt, og veit at eg har med meg kompetente medarbeidarar som er stolte over jobben sin. Eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene me skal løysa saman, seier Møgster til nettavisa iLaks.no.