jun 252018
 

AIK J14. Øvst frå venstre; trener karen Marie Vaagen, Marie Blix Kalvenes, Emma Lundø, Therese Mathisen, Malena Gloppen, Katrine Sekkingstad, Katharina Heggen, Andrine Klinge, Frida Fagerbakke, Wenche Blix (trener).
Nedst fra venstre; Mariell Haugland, Sara Hevrøy, Hedda Rabben, Ingrid Sekkingstad, Karoline Ringdal, Amalie Veivåg Stordal, Heidi Marie Kolbeinshavn, Anna Haugland, keeper Helena Hage. Foto: Via Wenche Blix, AIK.

AIK sitt J14-lag er klare for sluttspelet i Sør-cup, der dei nyttar ei snau veke av ferien sin. Måndag er det kviledag, der dei kosar seg i Dyreparken i Kristiansand. Trenar Wenche Blix trekkjer fram det sosiale aspektet ved å vera på cup i eit spanande område.

– I fjor var eg med eit gutelag, trena av Runar Veivåg hit. Så kom me fram til at cupen her nede er meir spanande enn helgecupen i Sogndal, samstundes som han er kortare enn Norway eller Dana cup. Samstundes gjev fridagen ekstra høve til å vera saman utanom dei vanlege rammene av skule eller fotballag, seier Blix til Marsteinen. Det er 17 spelarar, foreldre og sysken som er samla på campingplass, der dei bur i alt frå hytter til telt.

– Me har det kjempekjekt saman, seier Blix. Sportleg ventar det sluttspel tysdag og onsdag. Og kven veit – kanskje går det heile vegen?