jun 282018
 

Moteshowa i Bekkjarvik plar helda høgt nivå og trekkja mange tilskodarar. Her frå arrangementet i fjor. Tekst og foto: May Linn Clement.

Live musikk frå ende til annan, om lag hundre modellar og 200 antrekk er noko av det me kan venta oss under årets moteshow i Bekkjarvik.

Ei bryggje vert lagd frå kaien i Bekkjarvik og ut mot skjeret. Her vert det catwalk og konsert hand i hand på laurdag.
– Frå me byrja med moteshowa, har eg ynskt meg livemusikk. Då eg var på øvinga og høyrte songane Marita Weløy skal synga, klarte eg ikkje sitta stille. Eg måtte reisa meg og gå catwalk. Det var heilt rått, seier Henriette Rabben frå Vikki. Medan ho har 60 modellar i stallen sin, har Silje Blix ved Moods of Design 40 barn som skal visa kva me får kjøpt lokalt på Torget. Henriette fortel at det er flest austevollingar som skal gå catwalk, men at me òg vil finna hyttefolk og ein og annan austlending blant modellstaben.
– Nokon kjem reisande berre for å vera med på moteshowet.
Artistrekkja er reinspikka austevollingar. Ved sida av nemnde Marita, skal Amanda Lovise Fagerbakke og den flunkande nye showgruppa, Koronita, opptre. Denne er leia av Astrid Fagerbakke Heggland.
Henriette seier ho ikkje vil laga det same showet fleire år på rad, og viser til at dei kvart år flyttar seg rundt i Bekkjarvik. Fyrst var dei i Hengjo, så i rosehagen, og no i sjølve vika.
– Vert dette det beste moteshowet til no?
– Det er det eg jobbar for. Eg føler eg har kontroll på det eg kan, og no når eg har vêret på mi side òg, søv eg godt om natta, seier ho.