jun 282018
 

Auksjon av oppdrettskonsesjonar gjev verkeleg klingande mynt i kommunekassen.

Austevoll kommune får etter dei fleste solemerke inn 35 millionar kroner ikkje-budsjetterte midlar frå Havbruksfondet seinare i år. Ordførar Morten Storebø (H) ynskjer å nytta midlane til samferdsletiltak.

 

Ordførar Morten Storebø (H) gler seg over inntektene frå havbruksfondet. Han synest det er rimeleg at kommunar som legg til rette for havbruk òg får betalt for det, og innretninga slik ho er i dag, gjev altså Austevoll kommune inntil 35 millionar i inntekter etter auksjonane av nye konsesjonar i førre veke.

– Innretninga er god, men signala me får frå fiskeriministeren er at ordninga slik ho ligg føre i dag, ikkje vert varig. I staden ser me at diskusjonane i stortingskorridorane går meir i retning av ei arealskatting, seier ordføraren til Marsteinen.

Den politiske diskusjonen i eigen kommune er derimot nett kome i gang, og Storebø poengterer at det er stor spennvidde i synspunkta på kva midlane skal nyttast til.

– Det er sjølvsagt eit problem at dette er inntekter me ikkje kan budsjettera med, men eg meiner at det er naturleg å la pengane få bein å gå på, eller asfalt å øyra på om du vil, og verta nytta til samferdsletiltak, som i gangsettinga av Austevollpakken. Inntektene kan vera viktige bidrag til å betra infrastrukturen som næringslivet vårt òg er avhengig av, utan at eg er den som skal avgjerda det, seier Storebø.