jun 282018
 

Frå herlege «Herlaug» til nye «Husavik» på seks månadar.

Ein av dagene vert MF ”Husavik” sett i drift mellom ferjestøet som har gjeve namnet hennar og Sandvikvåg. Mannskapet gler seg stort over det nye fartøyet sitt.

 

 

Det er lett å slå fast at ei ferje ikkje er det ho ein gong var. Eg står ved sida av brua på MF ”Husavik”. Ferja køyrer, men det einaste eg høyrer er motorduren av MF ”Vågsøy” 400-500 meter borte – og bylgjene skroget på nyferja brøytar bort. Skipper Frode Haugland har slått over på fullelektrisk framdrift, og dei nesten umerkelege vibrasjonane frå tidlegare, er vorte endå mindre. Å reisa med ferje er vorte endå stillare enn å gli framover med seglbåt, høyrest det ut som. Ikkje noko blafring frå seglduk og knaking i mast, her nei.

Les minireportasje i avisa i dag.