jul 022018
 

Ingrid Hevrøy Rabben (27) arbeider med eit verktøy som kan gjera kvardagen meir meiningsfull for mange. Tekst og foto: Trond Hagenes.

Eigentleg er Ingrid Hevrøy Rabben (27) fysioterapeut, men har pensa spor to gongar og er no prosjektleiar for samskapingsplattforma Friskus – ein digital møteplass for aktivitet og frivilligheit.

Nokon kan vera einsame, kanskje ha trong for ei hand, andre kan kanskje ha nytta og ynskje av kontakt med ein bestemor eller bestafar bestefar dei ikkje har. Andre har lyst å slå i hel daudtid, eller møta menneske til aktivitetar. Austevolling Ingrid Rabben arbeider med ei teknologisk støtte til mellom andre frivilligsentralar. Friskus kan gjera kvardagen enklare for alle som har lyst å gje av tida si.
– Friskus er kort sagt ein digital møteplass, med fokus på folkehelse, seier Ingrid, og karakteriserer produksjonen av Friskus som eit helseinnovasjonsprosjekt. Ho er utdanna fysioterapeut frå Høgskulen i Bergen. Deretter var det praksis og jobb på Stord, før ho fekk tilslag på ei spanande stilling som samhandlingskoordinator i Voss kommune. Det vart òg her ho kom i kontakt med gründer Sigrid Petersson Nedkvitne.
Austevollingen er relativt fersk med i laget til Friskus, som har knytt 14 medarbeidarar til seg. derav 4 fast tilsette. Ingrid er med sentral i den gruppa, der Lene Sælen, med doktorgrad i fysikk òg inngår saman med Petersson Nedkvitne, som har bakgrunnen sin som barnevernspedagog. I tillegg kjem ei rekkje utviklarar av mellom anna programvare og design av applikasjon.
– Eg synest me som arbeider i Friskus har bakgrunnar som utfyller kvarandre, samstundes som me har fått eit spanande styre i ryggen. I tillegg har gründeren bak It’s learning, som vert brukt i grunnskulen, Erik Aadland blitt med oss som mentor, seier Ingrid til lokalavisa.

Kort sprang
I korte trekk gjer applikasjonen, som i dag er i bruk i fleire store og små kommunar kring landet, i ni norske kommunar, spranget frå å vera interessert i å gjera frivillig arbeid innsats eller delta på ein annan aktivitet langt kortare. Gå inn på nettsida til Friskus, så får du oversikt over det som er lagt inn i kalenderen. Både kommune, idrettslag og andre organisasjonar kan vera ned med og tilpassa bruken til sine behovenkelt visa fram sine kjekke aktivitetarne sine og haldea kontakt med sine medlemmaner.
– Som brukar kan du òg nytta filter, slik at du får fram det som er av interesse for deg den dagen. Til dømes om du kjem til Voss og skal på ein konsert og arrangørane ha lagt ut at dei treng hjelp til å setja ut stolar på førehand, kan det vera ein måte å bidra på, seier Ingrid.
I ein videosnutt Friskus har fått produsert, presenterer dei noko av potensialet med applikasjonen. Ei ung jente brenn maten på kjøkenet, og skulle gjerne lært handverket frå nokon som kan det: Ei eldre dame lærer henne å laga komler på gamlemåten. Eit par unge menn keiar seg, dei opnar applikasjonen og dreg og handlar for ein eldre person, som ikkje kunne klart seg sjølv. Det gjev positive erfaringar for begge, og kanskje etterlengta kontakt mellom generasjonane.
Friskus vert støtta av mellom anna Innovasjon Norge, og har fått støtte frå Regionalt forskingsfond på Vestlandet, og har også på gang eit gamification-prosjekt med Agderforsking og Noregs Forskingsråd. Av kommunar som nyttar Friskus i dag kan både Oslo og Bergen nemnast.