apr 092011
 


Under feiringa av Austevoll kommune sitt 125 års jubileum i kveld, vart nyleg pensjonerte dr. Finn Dyngvold heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv. Det var ordførar Helge André Njåstad som stod for den edle overrekkinga, som kom overraskande på ein tydleg rørt Dyngvold.
– Dette kom brått på meg, og er uforståeleg. Det er merkeleg kor lite som skal til for å bli heidra. Eg har berre teke ei utdanning og gjort jobben min, sa Dyngvold, som i fylgjer konferansier Lars Erling Horgen var audmjuk, som vanleg.
Finn Dyngvold har vore lege i Austevoll i 43 år.

Les reportasjen om dagens 125 års-feiring både i Bekkjarvik og på Storebø, i neste utgåve av Marsteinen.