jul 112018
 

– Det byrjar å verta farleg tørt igjen, seier brannsjef Hans Petter Bjånesøy til Marsteinen.

Klokka 15.15 i dag fekk dei melding om eit branntillaup i terrenget i Sætrevika på Stolmen.
– To snarrådige karar oppdaga at det hadde teke fyr, og fekk kasta vatn på staden.
Med tørken som er no, kombinert med den sterke vinden på Stolmen, trur Bjånesøy dette kunne vore potensiale for ein stor brann.
Årsaka for branntillaupet er ukjent.
– Det er ingenting som tilsa at det skulle byrja brenna her, verken glo eller gneister. Det viser at brannfaren er på veg til å verta stor igjen.