jul 122018
 


William Hut har intimkonsert på Bekkjarvik gjestgiveri 3. august, der han vil spela låtar frå heile karrieren sin.
Hut har hatt ein hektisk vår der han mellom anna har delteke i Århundrets Stemme på TV2, og skriv han ser fram til å gjera mindre solo-konsertar med eigne melodiar. I juni slapp han den nyaste singelen sin, I’m Staring At The Sun.
Artisten er halvt austevolling, med mor frå Kalvaneset. Her han òg vil vera store delar av sommaren.