jul 262018
 

Odd Brekke i Austevoll vatn og avløp konstaterer at låg vasstand gjev nye utfordringar.

Sjølv om Austevoll vatn og avløp arbeider for å få pumpe på plass i Kvednavatnet ved Heimarkpollen, må abonnentane berre bruka vatn det det som ert mest naudsynt.

 

Det kan ikkje stikkast under stol: Varmt vêr fører med seg stort vassforbruk. For Austevoll vatn og avløp har den uvanleg lange tørkeperioden skapt utfordringar. Allereie i månadsskiftet mai-juni gjekk dei ut med ei sterk oppmoding  til abonnementane om å ikkje nytta hagespreiarar, og no har situasjonen spissa seg til endå meir.

– Vasstanden i Kvednavatnet minkar med 1,5 centimeter i døgeret, og me er redde for at det skal komma luft inn i røyret som går frå Kvednavatnet til vassverket. Då stoggar produksjonen opp, seier Odd Brekke i Austevoll vatn og avløp til Marsteinen. Rettnok har lttt regn dei siste dagane ført med seg at forbruket er mindre, og vasstanden er vorten stabil. I løpet av denne veka vert det installert ei pumpe i dette vatnet, slik at vassproduksjonen ikkje er prisgjeven fallet til vassverket og den stadig lågare overflata i vatnet. Sjølve inntaket til drikkevasskjelda ligg 20 meter under normalvassflata.

Les heile saka i E-avisa.