jul 272018
 

Arnstein Birkeland oppmodar tjuvane til å leggje krabbeteinene tilbake.

Kvart år er det nokon i Austevoll som får teinene sine stolne. Denne gongen var det Arnstein Birkeland som vart det uheldige. 

Nede ved naustet på Bakkasund sit Arnstein Birkeland klar til å nyta ein god krabbemiddag med familie og vennar. Sjølv om det vart skaffa nok krabbar til dette måltidet, vert det med ein bismak. Av dei tre teinene han hadde skaffa seg til sommaren, er det berre ei igjen.
– Eg hadde tre gode krabbeteiner liggjande ute. Då eg skulle henta dei inn att, stod det berre ei igjen, fortel Birkeland irritert.
– Teinene var godt merka med både namn, telefonnummer og adresse. Dei kosta 800 kroner per stykk og var heilt nye, så sjølvsagt det er frustrerande å mista dei så snart.

Eit kjent problem
Politibetjent Vidar Mjåtvedt, fortel at dette er eit kjent problem i Austevoll.
– Dette er sjølvsagt veldig kjedeleg for folk å oppleva. Ein må få lov til å fiska med det utstyret ein har i fred.
Han forklarar at det ikkje er enkelt å finna ut av kven som har gjort dette og at ei slik sak vil nok ikkje bli høgt prioritert.
– Men har me mogelegheit til å finna det ut, vil dei sjølvsagt bli tekne og få si straff.

Birkeland har ein klar beskjed til tjuvane.
– Eg håpar dei som har teke dei sit med dårleg samvit. Til dei har eg berre ein ting å seia: Legg teinene tilbake der du fann dei, krabbane kan du få behalda.

Av Kathrine Klepsvik Lønøy