aug 022018
 

Trond er sjåføren av dei to, medan Bente har oppgåva som kartlesar. Det er likevel ikkje alltid dei endar opp der dei hadde tenkt. (Tekst og foto: Kathrine Klepsvik Lønøy)

Ei bubilbølgje herjar landet, og mengda bubilar på vegane aukar. Trond Håvard og Bente Haugland har sidan dei fekk sin fyrste bubil reist rundt i både Noreg og Europa saman med dei to hundane sine.

På turane har dei fått med seg mange unike opplevingar.
– Om me køyrer feil i eit kryss så gjer ikkje det noko. Me kjem sikkert til ein fin plass likevel, fortel dei. Sjølv om dei merkar veksten av bubilar godt, er det alltid råd å finna ein stad der dei kan parkera.
– Me treng stort sett berre ein flat plass å stå.
Turismen er viktig for Austevoll, men det er i dag ingen tilrettelagt bubil-plass her. Visit Austevoll lovar at dette er på veg.
– Me har fått øremerkte midlar frå kommunen til bubil-turismen i Austevoll, seier Asta Johannessen og fortel om den nye bubil-plassen som skal koma i Leirvikja i Bekkjarvik. Her vert det tilgjengeleg straum, vatn og tømmestasjon for bubilane.

 

Les heile saka i Marsteinen