aug 072018
 

Redaktøren har mimra etter ein alle tiders konsert.

Så sit ein her, meir eller mindre på middagshøgda i livet. Gift, med einebustad, to barn, el-bil (alternativ til stasjonsvogn) og golden retriever. Ein kunne like gjerne ha blitt spydd ut frå ein eller annan Norsk skog-fabrikk i 80 gram, i rektangulær form med dei strategiske måla 210 x 297 millimeter. I takt med at eg er vorten eldre, forsvinn òg desse menneska ein har sett opp til. Forfattarar døyr, og dei nye likar eg berre, det er ikkje slik at dei går på vatnet. Fotballspelarar legg opp, og no klarar eg meg med å lika Paul McGrath sine Instagram-postar, sjølv om eg kommenterte ”devine” på ein av dei. Til informasjon har han framleis kallenamnet God.

Så er det musikarane, dei òg er vortne eldre, nokre gebrekkelege. Prince, Syd Barrett, David Bowie har alle skifta ut plektra sine med harpe, medan folk som Shane McGowan frå The Pogues ser ut til å ha blitt impregnert av whiskey (og dermed vera udødeleg). Dessutan har han fått nye tenner. Sjølv om eg har solide tenner og berre ein sjeldan gong kan tenkja meg å skylja noko sterkare enn raudvin ned i ganen, fekk eg smaken på tekstane og den irske tonane kring juletider i 1987. Seinare såg eg dei britiske irane live både i Bergen og i London. Shane hadde fått sparken, og vart erstatta fyrst av Spider Stacy, men i London-konserten i 1994 kom både Shane og vikaren Joe Strummer på scena. Strummer, God rest his soul, vart legendarisk med The Clash då pønken skylde over Storbritannia på slutten av 1970-talet.

I ungdomsskuletida hengde eg over stereoen, og Pandoras Jukebox var fast høgdepunkt på radioen. Ikkje eit besøk i Bergen utan at siste utgåve av musikkavisene Beat og Puls vart plukka opp … Slik sett var det òg naturleg at å besøkja storebror i Skottland, der han studerte òg kunne resultera i ein konsert. 14 år gamal sat eg dermed i ein konsertsal ved elva Clyde og høyrde på slidegitaren til den då 41 år gamle Ry Cooder. Ja, han med filmmusikken frå Paris, Texas og ein og annan utypisk 70-talshit slik som Little Sister og han var i alle fall delvis ansvareleg for å få dei kubanske musikarane i Buena Vista Social Club fram i lyset for 20 år sidan … 30 år seinare kunne eg konstatera at helten i eigen fulle person slo an tonen på Notodden bluesfestival. Konsertarenaen minna om ein Rubb-hall på steroid, men lyden var god og 71-åringen såg verken ut til å ha gløymt verken tekst eller akkordar. Sjølv om jan Eggum i si tid spurde det obligatoriske spørsmålet, kor er alle heltar hen, var i alle høve adressen Hovigs hangar, Notodden førre torsdag.

TrH