aug 082018
 

77-åringen Magnus Stangeland har falt iver bord på denne Tobias-sjarken, men redda seg i land etter lang tid i sjøen. Foto: Kathrine Klepsvik Lønøy.

Magnus Stangeland (77) vart funnen på Fugløy etter at han vart meldt sakna og tobiasen hans vart lokalisert tom med motoren i gang.

 

Politiet i Austevoll vil ikkje stadfesta at det var Magnus Stangeland som vart funnen etter ein intensiv leiteaksjon onsdag. Marsteinen får det likevel stadfesta frå andre kjelder, og Bergens Tidende slår òg fast at det dreiar seg om Stangeland.

– Han har gått ut frå Sørvik tysdagskveld, og hamna i vatnet medan båten har vore kopla i framover. Etter det eg forstår, kan han ha vore i sjøen i inntil ein time, og lete seg driva med sjøen inntil han har makta å komma seg inn i Fugløyvågen, seier Nordstrand til Marsteinen.

Magnus Stangeland er oppvaksen i Sørvik på Stolmen, og kjenner farvatna i området særs godt. I tillegg han ein særs habil symjar i ungdommen. Han skal òg ha vore symjeinstruktør i Sjøforsvaret som ung mann.

– Det var ein lokal fiskar som lokaliserte både båten og den sakna sjølv. Han var kald etter tida i sjøen og frå å ha vore med våte klede på Fugløya heile natta og morgonen, seier Per Nordstrand i Austevoll-politiet til Marsteinen.

Hos Helse Bergen har Magnus Stangeland i går ettermiddag fått statusen lettare skadd etter det strabasiøse døgeret.

Av Trond Hagenes