aug 092018
 

Teiner vart levert til politiet denne veka. Foto: Vidar Mjåtvedt/Politiet.

For liten fluktopning i krabbeteinene dine, kan kosta deg dyrt. Denne veka vart 14 teiner levert til Austevoll-politiet, og er melde.

 

Fiskeridirektoratet leverte denne veka 14 teiner til politiet i Austevoll. Felles for alle var at dei mangla fluktopning i rett storleik.

– Det skal vera 80 millimeter fluktopning på denne tida. Under hummarsesongen kan fluktopninga vera 60 millimeter, seier inspektør Jim-Anders Edvardsen Fiskeridirektoratet til lokalavisa. Han fortel at dei inspiserte om lag 80 teiner i Austevoll, der ein del bruk var etter føreskriftene med god merking og fluktopningar, medan altså dryge dusinet var på feil kant av lovverket.

– Me har meldt eigarane av dei 14 teiene til politiet, seier Edvardsen, som òg tok beslag i eitt ulovleg laksegarn i Austevoll.