aug 162018
 

Marsteinen meiner at politikarane både på kommune- og fylkeskommune må diskutera innhaldet i uromeldinga frå mannskapa på ferjene.

Det har lenge vore kjent at mannskapa på ferjene til og frå Austevoll har vore urolege for tryggleiksbemanninga om bord når nyferjene kom i drift. Det har vore krevjande å få belyst problematikken, sjølv med kontakt med hovudstillitsvalde. Denne veka vart det kjent at majoriteten av mannskapa har signert eit brev til Sjøfartsdirektoratet der dei uttrykkjer sterk uro for bemanninga om bord i dei nye ferjene. Med berre fire mann i mannskapet, supplert med ein dagmannstilling, er det lett å skjøna uroa: Potensielle scenario som brann på dekk eller maskin samstundes som evakuering skal gjennomførast blir veldig krevjande å handtera. Det er ingen tvil om at dei nye ferjene, med innebygde backup-løysingar på eit heilt anna nivå enn det me har vore vante med, er sikre fartøy i utgangspunktet. Likevel skal ein vakta seg vel for å stola for mykje på det som ser trygt ut på teiknebrettet: Skjer noko uføresett må ein ha eit drilla og talrikt nok mannskap til å handtera situasjonen.

Innhaldet i meldinga til Sjøfartsdirektoratet bør få eit politisk etterspel, slik Marsteinen ser det.