aug 172018
 

Å vera førebudd på at personar treng bistand i Austevollbadet er viktig. Difor må alle tilsette, og trenarar bestå livredningstesten.

– 113, dette er ei øving, me har ei drukningsulukke, seier Annette Horne Tøkje, (som ja og er mor mi), til naudetatane.

– Alle skal bestå livredningskurs i dag. De har tre minutt på å dykka ned etter gjenstandane som eg kastar ut i bassenget, og deretter løfta livreddningsdukka opp og symja med ein person i 25 meter, i tillegg må det utførast hjarte- og lungeredning i to minutt, seier kurshaldar Geir Johannessen streng, men positiv.

 

 

Utfører praktisk
Når både vaktmeistarar, badevertar, dagleg leiar, fysioterapeutar og trenarar har gjennomført  – skal det heile utførast på skikk.

– Annette skal utføra prosedyren. Ring, men hugs å presiser at det er ei øving, fortel Johanessen.

Trass i at me er i nær slekt, kan eg ikkje stogga ho i å gjera jobben sin, sjølv om eg skal verna om objektiviteten. Annette tek difor telefonen og ring til naudetatane.

– Me har ei drukningsulukke, og treng ambulanse til Prestanesvegen 51, seier ho medan ho får instruksjonar frå andre enden.

Samstundes held Maja Aase, Kenneth Sele og ein del av dei andre liv i dukka.

Geir Johanessen viste gjengen korleis dei skulle utføra livredninga.

Her gjeld det å vera sikker i sin jobb, då liv og daud i prinsippet står på spel.  Det heile går difor føre seg så realistisk som mogleg, med ambulanse som tek del på ekte – denne gongen hadde det skjedd noko uventa, og naudetatane måtte konsentrera seg om røynda.

– Men det er ikkje tvil. Alle har bestått , og Austevollbadet går ein trygg veg i møte, avsluttar Geir Johannessen.

Av: Severin Tøkje