aug 212018
 

– Dei funksjonane som er i Austevoll, som til dømes produksjon, utvikling og stabfunksjonar, vert samlokalisert, seier administrerande direktør i Steinsvik, Martha Kold Bakkevig.

Ho forklarar at dei opplever stor vekst internasjonalt, og at dei ser behovet for å styrka serviceappratet til kundane deira i Norge.

– Skal me kunna gjera dette må me samordna, seier ho.

Uklar framtid
Om det vert høve for dei tilsette frå Austevoll å arbeida vidare i framtida eller ikkje, er enno uklart. Det einaste som er sikkert er at bygget skal seljast.

– Det er for tidleg å seia noko om. Det er viktig at me gjer det på ein skikkelig måte. Me legg ned noko, men styrkar òg seriviceapparatet, seier Bakkevig. Difor vil det blant anna vera serviceteknikkarar i Austevoll, som kan bli styrka.

– Me kjem nok til å ha noko i Austevoll endå, då me skal styrka serviceapparatet, men kva det vert og når nedlegginga skjer, er ikkje klart enno, seier ho.

 

Av: Severin Tøkje