aug 232018
 

Å lesa er det fyrste Johannes Stenevik (9) gjer når han står opp, og det siste han gjer før han legg seg. (Tekst og foto: Severin Tøkje.)

Johannes Stenevik har lese over 67 bøker sidan byrjinga av juni.

– Eg lærte å lesa nokre månadar før eg byrja i fyrsteklasse, seier fjerdeklassingen. Det heile starta med Donald-pocket, før det utvikla seg til fyldigare lesestoff.
Den tjukkaste boka han har lese er Harry Potter, som er ei ganske teksttung bok.
– Då biblioteket pussa opp i vår, byrja eg å få meir interesse av å gå der. Då eg såg dei arrangerte Sommarles blei eg einig med mamma om at eg skulle melda meg på, fortel han.

Møt Johannes i Marsteinen i dag.