aug 232018
 

Langt frå nøgd med ferjestoda: Ordførar Morten Storebø (H).

Ordførar Morten Storebø (H) er provosert når fylkeskommunen vurderer å kutta i ruteproduksjonen til og frå kommunen. Ansvaret kan dei ikkje sigla  frå, meiner han.

 

Morten Storebø poengterer at ferjetransport allereie er ein knapp ressurs for næringsliv, pendlarar og vanlege reisande til og frå øyknippet. I stadige møte med fylkeskommunal leiing, både politisk og administrativ, vert kravet om nattferje og betre tilbod diskutert.

– Der følar me at me får forståing, og me ventar enno på attendemelding frå møte i februar om dette kan lata seg gjera. I staden kjem dette skrivet om reduksjon i rutetilbodet oss i hende, seier Storebø oppgitt.

Les heile saka i Marsteinen i dag.