aug 232018
 

 

IMG_0459 from Marsteinen on Vimeo.

Heile dekket til «SAS Leo» vart fylt med gamalt skort då tilsette frå Havforskningsinstituttet si avdeling i Austevoll skipa strandryddedag sin. Hyltropollen var eit tidleg pionéranlegg for torskeoppdrett, og fekk seinare påfyll av ei rekkje andre artar. Seinare vart anlegget seld til andre aktørar, vart nedlagt og heile området vart lite tiltalande. I dag vart mykje av det verste teke opp.

– Det er ikkje vårt skrot, men me ynskjer å ta eit samfunnsansvar og rydda her, seier stasjonssjef Kjetil Stensland til Marsteinen.