aug 242018
 

Me tek til oss attendemeldingane frå lesarane, og lovar å dekkja aktivitetane i badet med jamne mellomrom, skriv redaktør Trond Hagenes.

Mange lesarar sakna ei langt breiare dekking av opning av Austevollbadet, og tolkar det som manglande interesse for den praktfulle folkebadet me har fått i kommunen. Vurderinga me gjorde var at sjølve opninga med snorklypping med meir var ferskvare, og publiserte dermed sak på internett via heimesida og delt via Facebook under timen etter at ordføraren hadde klypp snora, i tillegg til at me delte bilete på Instagram (i parantés kan det merkast at høg luftfuktigheit gjorde det tilnærma umogleg å fotografera inne der bassenga er).
Av reaksjonane ser me at me òg skulle ha prioritert opninga i papirutgåva, sjølv om me har hatt relativt store oppslag om Austevollbadet i avisa dei to føregåande avisene, og at me laga ei nettsak om tryggleik og livredning dagen før opninga. Me tek til oss attendemeldingane frå lesarane, og lovar å dekkja aktivitetane i badet med jamne mellomrom.
Trond Hagenes, redaktør.