aug 242018
 

Jamt over kjem Austevoll godt ut i NHOs kommune-NM 2018. Under nærings-fana tronar Austevoll øvst blant alle kommunane i landet. Tala viser mellom anna at austevollingane over 17 år i snitt tener 540 900 kroner årleg, medan snittet i landet ligg på 413 966 kroner.
Austevoll er kommunen i landet som kjøper flest private tenester som del av driftsutgiftene. Innkjøpet er på 34,4 prosent. Til samanlikning har Askøy kommune, som kjøper nest mest, 17,7 frå private tenester.
I Noregs handelsorganisasjon si årlege rangering vert kommunane rangerte etter attraktivitet og lokal vekstkraft frå næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommunal økonomi.