aug 312018
 

Det gjekk ikkje vegen for AIK og Tord Harald Skår mot Valestrand Hjellvik. Arkivfoto (motstandarlaget her er Lyngbø).

Austevoll-herrane heldt fram den nitriste poenghausten sin med å tapa 1-2 på bortebane mot det som før kampen var botnlaget i divisjonen, Valestrand Hjellvik.

 

– Me gav bort 0–1 på ein gigantisk keepertabbe: Tilbakespel, upressa gav målvakta vår ballen til ein heimespiss på 15 meter, seier Stig Storebø. AIK-trenaren måtte òg sjå 0–2 i nóta, medan hans eige lag både brende straffespark ved Joachim Bjånesøy (tverrliggjar) og bomma på mange andre klare sjansar.

– AIK hadde heilt klart fortent både eitt og tre poeng på Osterøy, men me maktar ikkje å få ballen i mål. Sjølv du hadde putta mål i går, seier Stig til journalisten om klampen om foten på a-lagsspelarane. I år har sesongen vore ein meir eller mindre konstant oppoverbakke, og klubben lir av å ha mista mange nøkkelspelarar til naboklubbane. Spelarar som kunne vore med og bore lasset har meldt overgang. Dei yngste som kjem opp på a-laget har for få spelarar å sjå opp til, og har måtta bera mykje av børa sjølve.

– Mange av dei unge gjev melding om at det er vorte tungt å spela fotball, seier Stig. Skulle det verste materialisera seg og dei oransje rykka ned, trur ikkje trenaren at det ville vera katastrofalt for klubben på sikt.

Fyrste nye utfordring for AIK-herrane er heimekamp mot Fyllingsdalens andrelag om ti dagar. Stig ser trass alt ikkje heilsvart på situasjonen.

– Me har hatt stor spelemessig framgang, men må bli betre framfor eige og motstandaren sitt mål. Får me ei tidleg nettkjenning mot Fyllingsdalen er me kapable til å vinna den kampen, meiner Stig Storebø.

Tabellen finn du her.

Av Trond Hagenes