sep 062018
 

– Når du har engasjementet går jobben av seg sjølv, trass i at det kan vera hektisk til tider, seier Annette Tøkje.

Annette Tøkje er den fyrste daglege leiaren i AIK symjegruppa, og signerte kontrakten med idrettsklubben i dag.

Dette er ei prosjektstilling på 30 prosent, og arbeidsoppgåvene ligg på det administrative planet.
Tøkje seier til Marsteinen at symjegruppa, som i årevis har reist vekk på stemner, har planar om å arrangera eigne stemner i det nye Austevollbadet.
– Stemner krev arbeid både i førekant, undervegs og etterpå. Eg vil òg ha ansvar for å laga terminlister og plan for utøvarane, som skal fylgjast opp etter utviklinga. Dette gjeld sjølvsagt ikkje dei minste barna, men rekruttane og junior, seier ho over telefon torsdagskvelden.
Tøkje har lenge vore engasjert i AIK symjegruppa. Fyrst som mor og seinare trenar. I dag trenar ho rekruttane og juniorane saman med Odd Ivar Nilsen og Allan Lund.
– Eg har aldri gått frå ei trening og kjent meg sur og misnøgd. Eg er alltid glad. Dette gjev meg energi, seier Annette. I tillegg til å vera dagleg leiar i AIK symjegruppa er ho badevert ved Austevollbadet, og arbeider ved Skatt Vest sine kontor i Bergen.
Tøkje seier seg smigra over å få stillinga som dagleg leiar i symjegruppa.
– Når du har engasjementet går jobben av seg sjølv, trass i at det kan vera hektisk til tider.