sep 092018
 

Nils André Eidsheim med tre mål på Eidsbøen i dag.

Med hattrick til Nils Andre Eidsheim har AIK-herrane sitt håp om fornya kontrakt blitt vekt til live att. AIK var rettnok rufsete i forsvar, og kaptein Inge André Rabben måtte ut med strekk midt i fyrsteomgangen etter å ha ofra seg i ei sliktakling. Men det var duellstyrken til Nils André Eidsheim og dei særs farlege innlegga til Thomas Vassnes som gjorde dagen til ein oppløftande oppleving. Nils Andre gav seg ikkje før han hadde sett tre ballen i nóta bak Fyllingsdalen-buret.

Med sigeren gjekk AIK forbi NHH på nestsisteplassen på tabellen. Dei to siste laga rykkjer heilt sikker ned, medan fleire kan rykkja ned alt etter kva som skjer i divisjonen over.

Av Trond Hagenes