sep 102018
 

Oppdrettsnæringa gjev klingande mynt i kommunekassen. Illustrasjon: iStockphoto.com.

Austevoll kommune håvar inn heile 38,9 millionar kroner på Staten sin auksjon av oppdrettskonsesjonar. Ordførar Morten Storebø (H) håpar ordna held fram.

 

Øykommunen har mange oppdrettskonsesjonar, og får betalt for det når Staten har auksjonert bort nye konsesjonar. Morten Storebø er nøgd med ordninga.

– Havbruksfondet fungerer. Ofte ser me at fagre ord om at verdiskaping skal verta att lokalt ikkje vert følgd opp. Denne ordninga er motsett: Ho gjev kommunane ein stor del av midlane. Det er ei glitrande ordning som fungerer, strålar Storebø.

– For oss er det å rekna som ein bonus, og me kjem ikkje til å nytta midlane til drift, seier ordføraren. Det betyr at pengane truleg kjem til å verta nytta enten på investeringar innanfor til dømes samferdsle eller vert plasserte i fond, der ein kan nytta avkastninga til drift eller investeringar.