sep 132018
 

 

Frå måndag av vert det meirope bibliotek.

Kortlesaren er på plass. Frå måndag av vil du ha mykje større tilgjenge til biblioteket i Bekkjarvik. Alt du treng er nasjonalt lånekort, pinkode og signert brukaravtale.

 

 

Boksamling, tidsskrift, aviser, videoar, bordspel eller ein stad å hengja – biblioteket er ein god stad å hengja når blada på trea gulnar og regnvatnet fossar over rennene. Frå måndag av kan du komma og nå nesten som du vil, innanfor opningstidene i Bekkjarvik torg.

– Meirope bibliotek betyr at lokala stengjer klokka 21. Kvart på kjem dei ei melding om at me er i ferd med å stengja, og klokka 21 vert alle lysa sløkte, seier bibliotekar Laila Ester R. Årland til Marsteinen. For å få den auka tilgangen, treng du nasjonalt lånekort, hugsa pinkoden din og skriva under ein brukarkontrakt. Aldersgrensa her er 16 år, men før fylte 18 må det signatur frå føresett til. Som vaksen kan du naturlegvis ta med deg dine eigne barn eller andre, du er berre ansvarleg for det heile.

– Hugs å ikkje vera til sjenanse og rydd opp når du går, seier bibliotekaren, som ikkje legg skjul på at ho er spent å korleis det vert med besøket no som lokala vet langt meir tilgjengelege utover vanleg kontortid.

Biblioteket sluttar med regulært kveldsope på torsdagane, og vil ha kontordag på måndagen. Dei ber om at ein ikkje tek kontakt med dei tilsette utover den regulære opningstida.

 

Av Trond Hagenes