sep 202018
 

Er det rimeleg at ein ikkje kan ha hunden laus på stadar der bufe i utgangspunktet ikkje skal ferdast? Norsk kennel klub meiner det ikkje skal vera slik. Her er Bente Sivertsen saman med hunden Leo, som saman dreg til fastlandet for å trena utan band.

Den lokale bandtvangforskrifta gjer det nærast uråd å ha hund og godt samvit. Bente Sivertsen reiser heilt til Fana for å sleppa Leo (1 ½ ) laus.

 

Bente Sivertsen reiser til Kanadaskogen på Bergenshalvøya for å lata halvanna år gamle Leo springa fritt. Leiaren av den nystarta hundeklubben fortvilar over at ho ikkje kan sleppa hunden sin laus i Austevoll.

– Me som ikkje har større inngjerda eigedom, har ingen stadar å lovleg sleppa hundane våre lause. Kven vil vel verta uglesett av å gjera det? spør ho. Sivertsen meiner at hundar må få høve til å verta sleppte lause og springa fritt for å vera lukkelege.

Les heile saka med kommentarar frå både rådmann og politiet her.