sep 262018
 

 

Hjortekadaveret ved Veivågsvatnet. Rolf Rusten (til høgre) og politifyrstebethjent Vidar Mjåtvedt finn kulehól i skinnet. Begge vil gjerne ha ei melding frå publikum om det vert sett eller høyrt uvanleg aktivitet i marka.

Eit dårleg plassert skot i vommen, eit dyr som er opna i og innvolane skorne og og eit dyr dekka til med omkringliggjande brakje, i tillegg til at ingen har meld frå om skadeskyting i Selbjørnsvaldet, gjer at Rolf Rusten trekkjer konklusjonane sine der han ser på kadaveret som ørna har forsynt seg av ved Veivågsvatnet: Kolla er felt ulovleg.

– Det er fortvilande, og særleg ille når me over så mange år har arbeidd systematisk for at gjennomføra jakta skikkeleg, seier Rusten.

Politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt ynskjer informasjon om nokon har observert aktivitet i Selbjørnsmarka. Rusten supplerer med at dersom nokon vidare i jakta høyrer skot  dei meiner er mistenkelege, vil han gjerne ha melding så snart det let seg gjera.

– Ringer folk etter fleire dagar, kan me jo ikkje finna ut kven som har vore ute med eventuelt ureint mjøl i posen.

Meir om denne hendinga får du i avisa i morgon.