sep 282018
 

Gløym pingvinmating på Akvariet i Bergen. I dag er det mating av makrellen ved Sauaneset som gjeld. – Å, så søte! seier elevane frå Storebø skule når Paal Mangor-Jensen lokkar fisken opp. Tekst og foto: May Linn Clement.

I dag markerer Havforskingsinstituttet på Sauaneset 40-årsdagen sin. Det gjer dei med open dag på heile anlegget, tolv kaker og rundt 400 kanapéar.

Medan stasjonen er ope for alle som ynskjer mellom 12.30 og 14, var skuleklassar inviterte til omvising på føremiddagen i dag.

Reportasje får de i Marsteinen.