okt 042018
 

Randi-Luise Møgster.

 

Austevollingen Randi- Luise Møgster (45) er nett starta i ei ny stilling. Viseadministrerande direktør i Helse Bergen er den nye rolla.

 

I resepsjonen på Haukeland Universitetssjukehus står ei dame som lyser både autoritet og omsorg. Det er ikkje tvil. Eg vinkar raskt for å signalisera at eg ser austevollingen.

– Hei, er det fint for deg om me går til kontoret og tek intervjuet der? Spør den nye viseadministrerande direktøren i Helse Bergen HF, Randi-Luise Møgster meg. Gjennom bygget, ned på nedsida – og om du er kjent –  forbi parkbygget, og det gamle hovudbygget, finn me kontoret til Møgster. Ein stor raud bygning, som tidlegare vart kalla økonomihuset.

– No er det administrasjonen som sit her, seier ho og tek meg opp trappene til korridoren der ho held til. Ved Haukeland universitetssjukehus har ho jobba lenge, men den nye leiarrolla ho no har fått, fekk ho fyrst for tre veker sidan. Vegen dit har vore både kunnskapsrik, nyttig og gjevande, skal me tru Møgster.

Les meir i avisa i dag.