okt 122018
 

Tor Blix jobba iherdig på topp for AIK, men fekk lite til mot robuste NHH-spelarar.

Austevollkarane visste dei måtte ta poeng på Åstveitbanen mot botnlaget NHH, men vart allereie etter fire speleminutt avkledd på daudball. 0–1 i nóta. Verre skulle det bli, med litt meir flaks sett med NHH-augo, kunne dei ha putta både eitt og to mål til før det hadde gått eit kvarter.

Då austevollingane etter knappe halvtimen hadde flytta opp spelet, gav dei bort eit frispark på venstresida si. Dårlege markeringar og lite aggressivitet, og 0–2 var ein realitet.

Sanninga var at austevollingane fekk seriens dårlegaste lag med to kampar att å spela i året til å sjå ut som eit godt lag. Taktiske grep vart gjort for seint, og i sluttminutta vart det putta på 0-3 med eit flott plassert skruskot frå om lag 20 meter. Ein grufullt resultat for AIK som før morgondagens kampar i divisjonen. Dersom både Valestrand Hjellvik og Telavåg tapar kampane sine, er det enno såpass ope i botnen av tabellen av AIK kan klara å berga plassen med maksimale marginar i den siste seriekampen for året.

 

Av Trond Hagenes