okt 182018
 

Det lokale politiet, her representert med betjentane Egil og Jon Einar, poengterer at refleks er med på å redda liv.

 

To sekund har bilisten på å sjå deg om du køyrer i tettbygd, svartagt strøk og ikkje nyttar refleks. I dag er den nasjonale refleksdagen og politiet er klar i si tale.

 

– Det er viktig at alle er synlege i trafikken og at du tek med deg refleksen til ein kvar tid, seier politibetjentane Egil og Jon Einar. Dei har berre arbeidd i kommunen i to veker og ser allereie behovet for bruk av refleks ekstra godt på øyane.

– Det er smale veger og det manglar gang- og sykkelsti fleire plassar. Då er det ekstra viktig å vera synleg for bilane, seier politibetjent Jon Einar. På denne årstida vert det tidleg og fort mørkt, difor meiner politiet at det er viktig å vera førebudd. Dei seier at det må vera eit samspel mellom køyretøy og mjuke trafikantar.

– Går du utan refleks set du sjåføren og passasjerar i fare òg. Det går ikkje berre utover deg sjølv om uhellet skulle vera ute, poengterer dei.

Les resten av saka i avisa i dag.