okt 182018
 

Opptil 800 kilo vert relativt lett vippa nedover med koordinerte rørsler med speta.

Gangstiar av stein opp brota i nabolaget var ein del traskinga i oppveksten. Kongskleiva er likevel noko anna, pusta liv i frå handverkarar frå foten av verdas verkelege tak.

 

Granittblokka glir ned mot endestasjonen sin. Dipak og Nirkumar Magar ser slett ikkje ut som kroppsbyggjarar, men ved hjelp av spetta sine og ein god porsjon tyngdekraft kjem nokre hundre kilo med grå stein seg på plass. Sherpaane kjem frå foten av Mount Everest. Om det då gjer meining om å snakka slik sidan landsbyen deira, Kunde, ligg
3 840 meter over havoverflata.

Dei er fire mann og ei kvinne i arbeidslaget.

– Handverket er nedarva gjennom generasjonane. Me har lært frå fedrane våre, slik dei lærte av sine fedrar, seier den unge kvinna Sonam Doka Sherpa til Marsteinen.

Det er snart to tiår sidan kontakten vart etablert mellom nordmannen Geirr Vetti og handverkarane frå fjellandet Nepal.

– Me har vore over store delar av Noreg, og sett mange vakre stadar. Rosendal, Tromsø og Stryn… Den friske lufta, vinden i håret, sjølv dei små buskane minnar meg om heime, kan Nima Nuru Sherpa fortelja. Han legg ikkje skjul på at han trivst med jobben i Noreg, og kollegaane hans er å rekna som familie. Tidvis er det berre maten frå verdas tak han saknar.

– Me har jo ikkje havet i Nepal. Her kan me jobba på fjellet om dagen og når me er ferdige, kan me springa rett ned til sjøen for å bada, seier Nuru og gjev ei kjapp rørsle med armen mot Selbjørnsfjorden.

Reportasjen les du i avisa i dag.