apr 142011
 

Det vert truleg symbiose viss Selbjørn idrettslag og Austevoll kommune får det som dei vil. Ei utviding av skulen kan verta slått saman med ein fleirbrukshall. Leiaren i Selbjørn idrettslag, Morten Fagerbakke, har tru på prosjektet.

– Me har ei realistisk von om å realisera prosjektet. Idrettslaget treng skikkelege tilhøve, med ein 20 x 40 meter innandørsbane. Då får me gode treningstilhøve for handball, volleyball, fotball og andre aktivitetar, melder Morten.
Totalt er prosjektet kostnadsrekna til 28,5 millionar kroner. I tillegg til tippemidlar må idrettslaget skaffa til vege om lag 8,5 millionar kroner. Laget har målsetnad om å samla inn ein million kroner frå private gjevarar, to millionar frå næringslivet og får òg ei gåve frå salet av Unge Selbjørn sitt forsamlingshus i Veivågen.