okt 192018
 

 Birgit Aarland og Anne Sletten Njåstad er fleksibel arbeidskraft og står gjerne på litt ekstra når det skal provitanterast for båtar og skip.

 

Steinar Aarland og kollegaane på Joker Stolmen legg vekt på service og utkøyring av varer til kantiner og båtar for å sikra tilbodet òg til folk på øya.

Joker Stolmen er i distriktet i ein distriktskommune. Dagleg leiar Steinar Aarland innrømmer at er krevjande.

– For å møta konkurransen frå lågpriskjedane, legg me særleg vekt på service til kundane. Det gjeld òg til fiskebåtar og andre skip som skal proviantera. Utfordrande viss stuerten til dømes skal laga osso boco, men me lærer etterkvart, og finn ut at knoken ikkje skal vera røykt, men fersk, smilar sjefen for fire tilsette.

Båtane er ofte tidleg ute og bestiller, så køyrer butikken ut det dei treng. Sjølvsagt er det viktig for sturerten å proviantera rett.

– Han får nok mykje tyn om dei slett opp for kaffi midt i kolmula, seier butikksjefen med eit glimt i augekroken.

Laurdag markerer ei rekkje butikkar som er organiserte i Merkur-systemet, lokalhandelens dag. Merkur er eit statleg stimuleringsprogram for lokalbutikkar. Noko tilskot får dei frå Merkur, men det er slett ikkje det einaste godet for å halda hjula i gang i dei mindre butikkane kring land og strand.

– Me får gjerne henta tips, gode råd og dei er alltid tilgjengeleg når me lurer på noko, seier Steinar, som er tredjegenerasjons kremmar hos C. Aarland AS. Dagen i seg sjølv vert markert med ein matbit, ein tur til Globen med lotteri på billetten og kanskje ein quiz for dei yngste.

 

Handelslekkasje

Fokus på å unngå handelslekkasje er blant satsingsområda til aksjonen for lokal handel. I landet total er det 400 butikkar som deltek i kampanjen, og det vert òg understreka kor viktig lokalbutikkane er både som salsstad, servicesenter og møteplass.

– Me ser at mange kjem innom på laurdagen eller når me har sundagsope, kjøper seg ein tyggis og sler av ein prat med dei andre som handlar. Butikken er den siste skikkelege møtepassen me har på øya, seier Steinar, og avslører samstundes at det vert arbeid med ein serveringsstad like over vegen.

– Eg elskar dette livet, og har det i blodet. Både bestefar og far min dreiv som kjøpmenn og køyrde drosje, avsluttar Steinar, som er kjøpmann på deltid, men timane skulle gjerne tilseia noko anna.

I tillegg til C. Aarland er òg Møkster Butikk, Litlakalsøy handel og Joker Bakkasund med i Merkur-programmet.